Langvarige smerter - Læring og meistringstilbod

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende, 15.06.2017, Lærings- og meistringssenter (LMS)

Helse Førde, Lærings- og meistringssenteret avdeling Florø arrangerer meistringstilbod til deg som har hatt muskel- og/eller skjelettsmerter over lengre tid.

Tilbodet foregår i grupper på 5-8 personar. Oppmøte ein dag pr. veke (frå kl 10.00 - 15.00), til saman 7 veker.

Målgrupper: Pasientar med nakkesmerter,  skuldersmerter, ryggsmerter, bekkensmerter/ hoftesmerter, smerter i ekstremitetar,  pasientar med muskelsmerter i fleire regionar, og pasientar med  utbreidde muskelsmerter.

TEMA PÅ SAMLINGANE:

  • Kunnskap om kroppen din og om smerte
  • Korleis påverkar smerte kropp og psyke
  • Meistringsteknikkar/ -strategiar
  • Avspenning
  • Lett fysisk aktivitet
  • Tøyeøvingar
  • Ergonomi (hensiktsmessig bruk av kroppen i ulike typer arbeid)
  • Kost og kosthald
  • Bevisstgjering i å sjå samanhengar
  • Bevisstgjering av ressursar og moglegheiter

MÅL:

  • Auka kunnskap om smerte og kva som påverkar smerteopplevinga.
  • Innsikt i og forståing av kva muskelsmerter er
  • Innsikt i og forståing av korleis ein på sikt kan få mindre smerter.
  • Kunnskap om ulike verktøy til å meistre smerter i kvardagen.
  • Motivasjon til å ta i bruk kunnskap og strategiar i kvardagen.
  • Få i gang ein endringsprosess som på sikt vil gje deg mindre plager og betre funksjon

DU VIL MØTE DESSE YRKESGRUPPENE:

  • Lege
  • Fysioterapeut
  • Sjukepleiar
  • Psykiatrisk sjukepleiar
  • Ergoterapeut
  • Sosionom

Det vil også vere med ein brukarrepresentant på samlingane.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

Tilvising til dette rehabiliteringstilbodet skjer berre gjennom FMR poliklinikk (Fysikalsk medisin og rehabilitering) på sentralsjukehuset i Førde, - dvs du må først ha vore der til ei utgreiing av smerteplagene dine.
Fastlegen kan tilvise deg til FMR poliklinikken for utgreiing (for å finne ut kva slags smerter du har).

Når og kor

Dato
15.06.2017 
Klokkeslett
10:00-14:30 
Stad
SMS - Florø
Helse Førde sine lokaler på Sunnfjord medisinske senter (SMS), 2. etasje.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
i samarbeid med medisinsk poliklinikk 
Kontakt
Lærings- og meistringssenteret i Florø
v/Camilla Fosse eller Nina Midtbø,
telefon 57 75 10 01 / 41 53 05 49
 

Kursdatoar:

25. april
2. mai
11. mai
18. mai
1. juni
8. juni
15. juni