HELSENORGE

Kvalitetskonferansen 2021

21. oktober går kvalitetskonferansen av stabelen! Tema i år er digitalisering og teknologi: Vi tek eit dykk ned i korleis digitaliseringa påverker arbeidskvardagen vår og former opplevingane til pasientane våre.

Konferansen i år er digital og open for alle. Det er difor ikkje naudsynt med påmelding, og det vil heller ikkje koste noko å vere med!

​Konferansen er no avslutta. Takk til alle som var med!


​Fikk du ikkje med deg konferansen?

Her kan du sjå heile opptaket​

​​​​Pr​ogram​met

09.00 - 09.20
Velkommen
v/Trine Vingsnes og Arve Varden

09.20 - 10.20
Det menneskelige aspektet ved digitalisering i helsetjenesten
v/Irmelin Bergh

10.20 - 10.30
Beinstrekk

10.30 - 10.50
Sengepostdrift i nytt sjukehus
v/Torgeir Finjord

10.50 - 11.10
Rehabilitering med nye auge - bruk av VR for hjerneslagpasientar
v/Jeanette Svarstad

11.10 - 11.30
Å vere pasient i ei digital verd
v/Sandhya Karlsen Holene

11.30 - 12:15
Lunsj

12.15 - 12.35
...og betre skal det bli!
v/Asle Kjørlaug

12.35 - 13.30
Kandidatane til kvalitetsprisen 2021
v/Arve Varden

13.30 - 14.00
Prisutdeling med kulturelt innslag og oppsummering
v/Arve Varden

 

Føredragshaldarane


Irmelin Bergh
er atferdspsykolog med doktorgrad og særskilt fokus på
atferdsendring. Ho er særleg oppteken av at det er folks problem og behov som skal
definere korleis teknologi vert tatt i bruk, og ikkje omvendt.

Torgeir Finjord er utdanningsansvarleg overlege i medisinsk avdeling i Helse Førde
med spesialisering i generell indremedisin og fordøyingssjukdomar. Han vann
kvalitetsprisen i 2019 for sitt systematiske forbetringsarbeid i helseføretaket.

Jeanette Svarstad er spesialfysioterapeut på klinisk fysioterapi og
førebygging i Helse Førde. Hovudoppgåvene hennar der er innan nevrologi og
rehabilitering, mellom anna ved hjelp av VR-teknologi.

Sandhya Karlsen Holene er brukarrepresentant og skal snakke om videokonsultasjonar
og korleis det er å vere pasient under digitaliseringa av helsetenesta. 

Asle Kjørlaug er konstituert fagdirektør i Helse Førde, og er overlege i psykiatri med
erfaring frå både psykosefeltet, leiarsystemet og i ulike utval tilknytt helsevesenet.




Plakaten i år
plakat med føredragshaldarar og program



Fann du det du leita etter?