Indre Sogn psykiatrisenter (ISP) inviterer til kursdagar ved ISP (kantina) torsdag 11. mai og fredag 12. mai.
Kursdagane er identiske. Du melder seg på ein av dagane, ikkje begge.
KAD/KØH Kommunal akutt døgneining/Kommunal strakshjelp er eit tilbod for pasientar som treng innlegging for behandling, observasjon og pleie, og som kan behandlast av allmennlegar og sjukepleiarar i primærhelsetenesta. Tilbodet erstattar sjukehusinnlegging for pasientar som kan få eit like godt tilbod på KAD/KØH som på sjukehus.
Fastlege og allmennlege, legevaktlege, lege i akuttmottak, obspost og poliklinikkar på sjukehus kan legge pasienter direkte inn på KAD etter å ha konferert med vakthavande KAD-lege.
Frå 1. januar 2017 vart ordninga formelt utvida med pasientar innan rus og psykisk helse. I den samanheng ønske ISP å gje eit kurstilbod til kommunalt tilsette som arbeider i dette feltet.
Program
09.30 – 10.00
Oppmøte og kaffi
10.00 – 11.30
Rus og psykisk helsevern i kommunane.
Kommunane si plikt til strakshjelp døgnopphold, ved Knut Cotta Schønberg helsesjef/kommuneoverlege, Luster kommune
11.30 – 12.00
Gratis lunsj
12.00 – 13.15
Psykiske lidingar, akuttpsykiatri og grenseoppgang til spesialisthelsetenesta, ved Gro Selås, overlege poliklinikk/LAR- lege Indre Sogn Psykiatrisenter
13.30 – 14.45
Alvorlege sinnslidingar i spesialisthelsetenesta. Korleis nytte psykoedukasjon og miljøterapi som ramme rundt behandling i KAD/Kommunal strakshjelp, ved Asle Kjørlaug, overlege ambulant team Indre sogn og Sunnfjord
14.45 - 15.30
Oppsummering, diskusjon, praktiske eksempel oa
15.30 Vel heim