KOLS - rehabiliteringsprogram i Florø

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende , 24.09.2018-23.10.2018 , Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenter (LMS)

 

Helse Førde arrangerer KOLS-rehabiliteringsprogram der målet er:

  • at du skal lære korleis du kan leve best mogleg med KOLS
  • få auka kunnskap og innsikt i eigen sjukdom
  • betre meistring av livssituasjon
  • auka evne til å klare dei daglege aktivitetane
  • bli motivert til fysisk aktivitet

På kurset vil du møte:

  • Fysioterapeut
  • Sjukepleiar
  • Ergoterapeut
  • Brukarrepresentant
  • Farmasøyt

Rehabiliteringa føregår i grupper på opptil 8 personar.

Tema i kurset:

  • Sjukdomslære
  • Røykeslutt
  • Korleis bruke medisinane riktig
  • Trening
  • Energiøkonomisering
  • Avspenning
  • Kosthald
  • Korleis meistre å leve med ein kronisk sjukdom

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta på kurset treng du tilvising frå fastlege som vert å sende til:
Helse Førde, Medisinsk poliklinikk, postboks 1000, 6807 Førde

Når og kor

Dato
24.09.2018-23.10.2018 
Klokkeslett
10:30-15:00
Stad
SMS - Florø - Helse Førde sine tenester i Florø
2. etasje.
Hans Blomgt. 39, 6900 Florø.
 
Arrangør
Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenter (LMS)
i samarbeid med Medisinsk poliklinikk 
Kontakt
For praktisk informasjon om kurset kan du kontakte: Camilla Fosse/Nina Midtbø, 57 75 10 01/415 30 549.
 

Kursdagar:

24. og 25. september; 1. og 2. oktober; 15. og 16. oktober, og 23. oktober.

Eigendel for å delta, les meir