HELSENORGE

KOLS meistringstilbod i Nordfjord

Kurs, 27.09.2017-08.10.2017, Medisinsk poliklinikk Nordfjord sjukehus, Lærings- og meistringssenter (LMS)

KOLS meistringstilbodet består både av indivduell oppfølging og gruppebasert opplæring og trening. Pårørande oppmodast om å delta.

Helse Førde arrangerer KOLS-meistringstilbod der målet er at du skal leve best mogleg med KOLS. Dette gjennom auka kunnskap og innsikt i eigen sjukdom, betre meistring av livssituasjon, auka evne til å klare dei daglege aktivitetane og motivasjon til fysisk aktivitet.

På kurset vil du møte:

  • Fysioterapeut
  • Sjukepleiar
  • Ergoterapeut
  • Brukarrepresentant
  • Farmasøyt
  • Andre vi samarbeider med om tilbodet


Rehabiliteringa føregår i grupper på opptil 8 personar.

Tema i kurset:

  • Lungenes oppbygnad og funksjon
  • Sjukdomslære
  • Røyking
  • Medikamentlære
  • Korleis bruke medisinane riktig
  • Trening
  • Energiøkonomisering
    •Avspenning
  • Kosthald
  • Korleis meistre å leve med ein kronisk sjukdom
  • Rettar i forhold til pasientreiser og trygdesystemet

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta på kurset treng du tilvising frå fastlegen som vert å sende til Helse Førde, Medisinsk poliklinikk, postboks 1000, 6807 Førde

Frå spesialisthelsetenesta skal tilvisinga sendast internt som sekundærtilvising.

Når og kor

Dato
27.09.2017-08.10.2017 
Klokkeslett
10:00-14:30
Stad
Nordfjord sjukehus
Biblioteket ved kantina
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret, Medisinsk poliklinikk - Nordfjord sjukehus
Brukarrepresentant/brukarorganisasjon 
Kontaktinformasjon
Ved spørsmål om tilvising eller deltaking på KOLS - meistringstilbod ta kontakt med:
Lærings- og meistringskoordinator
Hilde Manseth Bjørhovde:
tlf: 57 86 42 75.
 
Meir informasjon
hilde.manseth.bjorhovde@helse-forde.no  
Fann du det du leita etter?