KOLS - meistringskurs i Florø

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende , 07.05.2018 , Lærings- og meistringssenter (LMS)

 

Helse Førde arrangerer KOLS-skule der målet er at du skal leve best mogleg med KOLS ved å få auka kunnskap og innsikt i eigen sjukdom, betre meistring av livssituasjon, auka evne til å klare dei daglege aktivitetane og bli motivert til fysisk aktivitet.

På kurset vil du møte:

  • Fysioterapeut
  • Sjukepleiar
  • Ergoterapeut
  • Brukarrepresentant
  • Farmasøyt
  • Andre vi samarbeider med om tilbodet

Rehabiliteringa føregår i grupper på opptil 8 personar.

Tema i kurset:

  • Lungenes oppbygging og funksjon
  • Sjukdomslære
  • Røyking
  • Medikamentlære
  • Korleis bruke medisinane riktig
  • Trening
  • Energiøkonomisering
  • Avspenning
  • Kosthald
  • Korleis meistre å leve med ein kronisk sjukdom
  • Rettar i forhold til pasientreiser og trygdesystemet

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta på kurset treng du tilvising frå fastlege som vert å sende til:
Helse Førde, Medisinsk poliklinikk, postboks 1000, 6807 Førde

Når og kor

Dato
07.05.2018 
Klokkeslett
09:30-15:00 
Stad
2. etasje.
Hans Blomgt. 39, 6900 Florø.
 
Arrangør

i samarbeid med Medisinsk poliklinikk 
Kontakt
For praktisk informasjon om kurset kan du kontakte: Nina Midtbø Johnsen, 57 75 10 01/415 30 549.
 

Kursdagar:

7. og 8. mai, 14. og 15. mai siste bolk 28. og 29. mai.

Eigendel for å delta, les meir