Kurset blir gjennomført i samarbeid mellom Medisinsk avdeling, NOKLUS (Norsk kvalitetsforbedring av laboratorievirksomheit utanfor sjukehus), brukarrepresentant og Lærings- og meistringssenteret (LMS).
For å delta i opplæringa må du vere i stand til, og motivert for å ta ansvar for eigenkontroll av Marevanbehandlinga. Det vil sei at du må delta på alle kursdagane, vera sjølvdisiplinert til å måle PT-INR, ta blodprøvar og medisin, fylle ut journal og samarbeide med NOKLUS i opplæringsperioden.
Opplæringsprogrammet består av to kursdagar, individuell opplæring av måleteknikk og etter 21 veker avsluttande prøve. I tillegg må du ta ekstra blodprøver for kontrollmåling av PT-INR med jamne mellomrom. Du får rekvisisjoner og kan ta desse på næraste legekontor som sender desse til analysering på sjukehus-laboratoriet.
I opplæringstida vil du som deltakar få:
- Kunnskap om eigenkontroll av Marevanbehandling
- Ferdigheit i PT-INR-eigenmåling og dosering av Marevan
- Høve til å møte andre i same situasjon og dele erfaringar
Samlingane er:
14.sept. 2020
30.sept 2020
10.febr 2021
Aktuelt
NOKLUS er ein landsdekkande, ISO-sertifisert organisasjon med eit senter i Bergen og laboratoriekonsulentar og legespesialistar knytt til regionale helseføretak i alle fylkjer (www.noklus.no).
NOKLUS tilbyr tenester til norske legekontor, sjukeheimar og andre helseinstitusjonar. I tillegg har NOKLUS ei eiga forskings- og utviklingsavdeling.
FOR FASTLEGEN – informasjonsbrev