INR - eigenkontroll av Marevanbehandling

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende , 10.01.2017 , Lærings- og meistringssenter (LMS), Medisinsk avdeling

Helse Førde arrangerer kurs i eigenkontroll av Marevanbehandling. Ein av arrangørane, NOKLUS, har erfaring og kompetanse innan opplæring i eigenkontroll og eigenmåling, og tilbyr eit standardisert og kvalitetssikra tilbod om opplæring.

Kurset blir gjennomført i samarbeid mellom Medisinsk avdeling, NOKLUS (Norsk kvalitetsforbedring av laboratorievirksomheit utanfor sjukehus), brukarrepresentant og Lærings- og meistringssenteret (LMS).

For å delta i opplæringa må du vere i stand til, og motivert for å ta ansvar for eigenkontroll av Marevanbehandlinga. Det vil sei at du må delta på alle kurskveldane, vera sjølvdisiplinert til å måle PT-INR, ta blodprøvar og medisin, fylle ut journal og samarbeide med NOKLUS i opplæringsperioden.

Opplæringsprogrammet består av to kursdagar, individuell opplæring av måleteknikk og etter 21 veker avsluttande prøve. I tillegg må du ta ekstra blodprøver for kontrollmåling av PT-INR med jamne mellomrom. Du får rekvisisjoner og kan ta desse på næraste legekontor som sender desse til analysering på sjukehus-laboratoriet.    

I opplæringstida vil du som deltakar få:

  • Kunnskap om eigenkontroll av Marevanbehandling
  • Ferdigheit i PT-INR-eigenmåling og dosering av Marevan
  • Høve til å møte andre i same situasjon og dele erfaringar


Aktuelt

NOKLUS er ein landsdekkande, ISO-sertifisert organisasjon med eit senter i Bergen og laboratoriekonsulentar og legespesialistar knytt til regionale helseføretak i alle fylkjer (www.noklus.no).

NOKLUS tilbyr tenester til norske legekontor, sjukeheimar og andre helseinstitusjonar. I tillegg har NOKLUS ei eiga forskings- og utviklingsavdeling.

FOR FASTLEGEN – informasjonsbrev      

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ynskjer du å delta på kurs ta kontakt med fastlegen din som då sender henvisning. Henvisninga sendast til Medisinsk poliklinikk, Førde sentralsjukehus .

Når og kor

Dato
10.01.2017 
Klokkeslett
12:00-16:00 
Stad
Førde sentralsjukehus
Lærings- og meistringssenteret i Helse Førde HF (ved Rema 1000 på Vie senter)
 
Arrangør
Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenter (LMS)
i samarbeid med Medisinsk avdeling og NOKLUS 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.
​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​