HELSENORGE

Hjerneslag

Nevrologisk avdeling i helse Førde arrangerar saman med Lærings- og meistringssenteret 2-dagars kurs for slagramma og deira pårørande.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ynskjer du å delta på kurs, kan du ta kontakt med fastlegen din som sender tilvising. Tilvisinga kan sendast til nevrologisk poliklinikk, Førde Sentralsjukehus. Ta også kontakt om du ønskar å ha med pårørande.

Om kurset

Har du  eller ein av dine nære hatt slag? Då er dette noko for deg. Målsettinga med kurset er at du skal få betre kunnskap om hjerneslag og dei endringar det kan medføre. 


Innhald: 
Treffe fagfolk innan hjerneslag: kva er eit slag, risikofaktorar, førebygging. 
Dei skjulte problema etter hjerneslag- kva er det? 
Kva kosthald bør ein ha og kva bør ein unngå  
Kommunikasjonsvanskar etter hjerneslag 
Aktivitet i kvardagen
Erfaringar frå ein person som har hatt hjerneslag

Program

Dag 1 

10.00 – 10.15     Velkomen v/ slagsjukepleiar

10.15 – 11.00     Brukarrepresentant sine erfaringar

11.00 – 11.15      Pause

11.15 – 12.00     Slagsymptom og slagbehandling v /nevrolog

12.00 – 12.45     Lunsj

12.45 – 13.30     Kommunikasjon mm v/ logoped

13.30 – 13.45      Pause

13.45 – 14.30      Fysisk aktivitet og trening etter hjerneslag v/ fysioterapeut

14.30 – 15.00      Oppsummering, evt spørsmål 

Dag 2 

10.00 – 10.15     Oppsummering frå første dag v/ slagsjukepleiar

10.15 – 11.00      Ernæring v/ernæringsfysiolog

11.00 – 11.15      Pause

11.15 – 12.00     Ernæring held fram

12.00 – 12.45     Lunsj

12.45 – 13.15     Info frå LHL

13.15 – 13.25     Pause

13.25 – 14.10      Dei skjulte problemstillingane v/ ergoterapeut

14.10 – 14.45      Samtale, oppsummering


Med atterhald om endringar i programmet. 

Praktisk informasjon

Kostnad: 
Eigenandel 375 kr. Pårørande gratis
Ein har mulighet å kjøpe lunsj for 80 kr. Kontant betaling eller vipps. Gi beskjed ved spesielle behov. 

Spørsmål om kurset?
Ta kontakt med slagsjukepleiar på 
Telefon 57 83 04 63


Ta kontakt med pasientreiser på telefon 05515 eller pasientreiser.no  ved behov for tilrettelegging av reisa.






Fann du det du leita etter?