Hjerneslag

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende, 21.11.2016-22.11.2016, Lærings- og meistringssenter (LMS), Nevrologisk poliklinikk

Helse Førde arrangerer meistringskurs for slagramma og deira pårørande. Meistringskurset blir arrangert i Lærings- og meistringssenteret (LMS) sine lokaler i Førde.

Føremål med kurset:

  • Møte andre i same situasjon, dele erfaringar
  • Auka kunnskap kan gi auka meistring og gjere det lettare å leve etter slaget
  • Treffe fagfolk innan hjerneslag: kva er eit slag, risikofaktorar, førebyggjing
  • Dei skjulte problema- kva er det?
  • Kva kosthald bør ein ha og kva bør ein unngå 
  • Kommunikasjonsvanskar etter hjerneslag
  • Fysisk aktivitet tilpassa nivå

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Pasientar treng tilvisning frå lege som vert å sende til: Helse Førde, Nevrologisk avdeling, postboks 1000, 6807 Førde.

Pårørande meldast på til Lærings- og meistringssenteret, postboks 1000, 6807 Førde, eller på telefon 57 83 98 70. De vil få stadfesting om plass på opplæringa.

Når og kor

Dato
21.11.2016-22.11.2016 
Klokkeslett
09:30-15:00 
Stad
Førde sentralsjukehus
Lærings- og meistringssenteret (LMS) Helse Førde ved Rema 1000 (Viesenter) i Førde
 
Arrangør
Nevrologisk poliklinikk, Lærings- og meistringssenter (LMS)
i samarbeid med Nevrologisk avdeling og brukarrepresentant 
​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​