Denne opplæringa skal bidra til at du sjølv kan gjere val i forhold til livsstil, og være bevisst på eiga helse. Målet er at du skal få kunnskap om korleis du kan leve best mogeleg med din hjartesjukdom, og bidra til å redusere vidare utvikling av sjukdomen.
Kurset blir eit videooverført kurs der du vil få innkalling til ditt næraste sjukehus i Sogn og Fjordane. Alle deltakarane får dermed samme undervisning. Det vil bli førelest i tema frå alle sjukehusa, men dei fleste tema blir undervist frå NSH. Det vil være ein sjukepleiar til stades på kursdagen, dersom det skulle være spørsmål om det som blir forelest om. Sjukepleiaren er tilknytt hjarterehabiliteringa og har difor god kunnskap om dei vanlegaste spørsmåla. Målet denne dagen er også at du skal kunne møte andre som har liknande utfordringar som deg sjølv, og at ein kan lære av kvarandre. Vi oppmodar om at du har med deg ein pårørande på kursdagen dersom du ynskjer det. Dette er for at også dei kan få kunnskap om korleis ein kan bidra til betre hjartehelse og auka livskvalitet gjennom livsstilsval.