Målet er at du skal få kunnskap om kva faktorar som påverkar hjartesjukdom og bli bevisst på kva du sjølv kan gjere i forhold til livsstil:
- Informasjon om sjukdomen og behandlinga
- Kunnskap om ernæring og fysisk aktivitet
- Høve til å treffe andre i liknande situasjon
- Motivasjon til å gjere livsstilsendringar som kan påverke helsa di i positiv retning og hindre utvikling av sjukdomen
Du vil etter tilvising frå lege få innkalling til næraste sjukehus, der det vil være ein sjukepleiar til stades på heile kurset. Undervisninga føregår slik at alle får same undervisning på same tid via videokonferanse. Det vert lagt opp til pausar der ein kan stille spørsmål og diskutere.
PROGRAM;
0930-0945 Velkomen og praktisk informasjon v/ Lærings- og
meistringskoordinator Hilde Manseth Bjørhovde
0945-1030 Hjartesjukdom og risikofaktorar v/ hjartesjukepleiar
Trude Solvang
1050-1130 Medisinar v/sjukehusfarmasøyt Susanne Wilhelm
1130-1230 LUNSJ
1230-1315 Trening v/ spesialfysioterapeut Kine Ulvestad
1345-1445 Kosthald v/ klinisk ernæringsfysiolog Camilla
Laukeland
1445-1500 Avslutning og evaluering
Med atterhald om endringar.