Kven er hjarterehabiliteringa for?
Hjarterehabilitering er eit nytt tilbod for pasientar i heile Sogn og Fjordane. Det er retta mot pasientar som har hatt hjarteinfarkt, blitt blokka/fått satt inn stent i kransåra (PCI), har fått utført by-pass operasjon eller har andre sjukdomar knytt til hjartet.
Målsetjinga med rehabiliteringa er at pasienten skal få hjelp til å komme raskare attende til sitt daglege liv, få kortare rehabiliteringsfase etter sjukdomen og til å betre funksjonsnivået.
Tilbodet har knytt til seg ein brukarrepresentant. Ein vil ha fokus på å treffe andre som har vore i tilsvarande situasjon, slik at ein kan utveksle erfaringar og lærdom med kvarandre.
Å redusere angst og usikkerheit i høve hjartesjukdom ved å auke kunnskapen både til pasienten og pårørande er også ein viktig del av målsetjinga. Difor er også pårørande hjarteleg velkomne til å delta.
Korleis er kurset lagt opp?
Kursa går over 8 veker, med undervisning to dagar i første og femte veka. Dei andre vekene inneheld hovudsakleg trening hos fysioterapeut.
Lege er ansvarleg for innhaldet og gjennomføringa av kurset.
Det vert laga målsetjingar for kvar einskild pasient, og pasienten vert følgd opp av lege, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, klinisk ernæringsfysiolog, brukarrepresentant.
Undervisninga går føre seg i grupper, og alle får eit individuelt tilpassa opplegg med samtalar, trening og behandling.