Kven er hjarterehabiliteringa for?
Hjarterehabilitering er eit tilbod for pasientar i heile Sogn og Fjordane. Det er retta mot pasientar som har hatt hjarteinfarkt, blitt blokka/fått satt inn stent i kransåra (PCI), har fått utført by-pass operasjon eller har andre sjukdomar knytt til hjartet.
Målsetjinga med rehabiliteringa er at pasienten skal få hjelp til å komme raskare attende til sitt daglege liv, få kortare rehabiliteringsfase etter sjukdomen og til å betre funksjonsnivået.
Tilbodet har knytt til seg ein brukarrepresentant. Ein vil ha fokus på å treffe andre som har vore i tilsvarande situasjon, slik at ein kan utveksle erfaringar og lærdom med kvarandre.
Å redusere angst og usikkerheit i høve hjartesjukdom ved å auke kunnskapen både til pasienten og pårørande er også ein viktig del av målsetjinga. Difor er også pårørande hjarteleg velkomne til å delta.
Korleis er kurset lagt opp?
Rehabiliteringa går over 8 veker, med undervisning to dagar i første og femte veka. Den teoretiske undervisninga går føre seg på Nordfjord sjukehus. Dei andre vekene inneheld hovudsakleg trening og oppfølging hos sjukepleiar og fysioterapeut ved lokalsjukehuset ditt, i tillegg til eigentrening.
Lege er medisinsk ansvarleg for innhaldet i kurset.
Det vert laga målsetjingar for kvar einskild pasient, og pasienten vert følgd opp av lege, sjukepleiar, fysioterapeut. Ved behov koblar vi inn farmasøyt, psykolog og klinisk ernæringsfysiolog.
Undervisninga går føre seg i grupper, og alle får eit individuelt tilpassa opplegg med samtalar, trening og behandling.
Program
1. kursdag
09.30-09.45 Velkomen!
09.45-10.30 Praktisk informasjon og orientering om kurset v/kursleiar
10.45-12.00 Sjukdomslære v/sjukepleiar
12.00-12.45 Lunsj
12.45-13.45 Teori om fysisk aktivitet og trening ved hjertesjukdom v/fysioterapeut
13.45-14.00 Spørsmål/oppsummering
2. kursdag
09.30 - 09.45 Oppmøte/Velkomen tilbake
09.45 - 10.30 Brukarrepresentant – erfaringar med å bli «hjertesjuk»
10.45 - 12.00 Kosthold v/ Klinisk ernæringsfysiolog
12.00 - 12.45 Lunsj
12.45 - 13.30 Kosthold – Video, val av matvarer i butikk
13.30 - 14.00 Info om pasientdagbok og bruk av rehabiliteringsplan v/kursleiar
3. kursdag
09.30 - 09.45 Velkomen tilbake
09.45 - 10.30 Repetisjon om fysisk aktivitet og trening v/fysioterapeut
10.45 - 11.45 Medikament v/ farmasøyt
11.45 - 12.30 Lunsj
12.30 - 13.15 Psykiske reaksjonar ved hjertesjukdom v/psykolog
13.30 - 14.30 Felles gruppetrening med fysioterapeut
4. kursdag
09.30 – 09.45 Oppmøte/velkomen
09.45 – 11.00 Risikofaktorar i forbindelse med hjertesjukdom v/sjukepleiar
11.15 – 11.45 Seksualitet og hjertesjukdom
11.45 – 12.30 Lunsj
12.30 – 13.15 Motivasjon og mestring i samband med livsstilsendring v/fysioterapeut
13.15 – 13.45 Oppsummering og evaluering av kurset
Med atterhald om endringar