HELSENORGE

Helgesamling for personar med diabetes type 1 eller 2

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende, 11.11.2017-12.11.2017, Lærings- og meistringssenter (LMS)

Diabetesforbundet Sogn og Fjordane inviterer medlemmer og andre interesserte til helgesamling med foredrag ved Scandic Sunnfjord Hotell i Førde,  11. – 12. november 2017.

Målgruppe:

Personar med diabetes type 1 eller 2. Ta gjerne med følgje. Andre interesserte er også velkomne til å melde seg på.

Foredragshaldarar:

Overlege og professor Trond Geir Jenssen, er nefrolog og overlege ved Nyreseksjonen avdeling for transplantasjonsmedisin ved OUS Rikshospitalet, og professor ved Institutt for klinisk medisin UIT Norges Arktiske Universitet i Tromsø. Han har dei siste 12 år vore medisinsk rådgivar for Diabetesforbundet. Han er ein av Noregs fremste ekspertar på diabetes.

Tema for foredraget er siste nytt innan forsking og behandling av diabetes type 1 og type 2.

 Lege Andreas Dahl byrja med spesialisering i augesjukdommar ved Førde Sentralsjukehus i 2014. Diabetespasientar utgjer ein vesentleg del av pasientgruppa. Tema for foredraget er problemstillingar, augekomplikasjonar og behandling av diabetespasientar.

   
Det vert også foredrag av inspektør i Statens Vegvesen,  Annfrid Skartun,  som informerer om førerkortforskriftene og diabetes. I tillegg får vi besøk av ein representant frå Diabetesforbundet sitt sentralstyre. Han vil orientere om Diabetesforbundet sine medlemsfordeler og forsikringsordning, rettar og tilrettelegging i arbeidslivet.

Invitasjon

Program

Vi tek atterhald om at der kan kome endringar i programmet.

Når og kor

Dato
11.11.2017-12.11.2017 
Klokkeslett
10:30-12:00
Stad
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
Diabetesforbundet 
Kontaktinformasjon
Dersom du har spørsmål, ta kontakt med Anita på telefon 90 02 54 23.
 

For medlemmar: Pris per person i dobbeltrom: kr 1.000,-. Tillegg for enkeltrom: kr 200,-. Prisen inkluderer foredrag, overnatting, lunsj og middag laurdag, og frukost søndag.
Tillegg for ikkje medlemmar: kr 300,- pr. pers.
Pris for dagpakke for ikkje buande deltakarar: kr 450,- per person. Prisen inkluderer: Foredrag laurdag og søndag, lunsj laurdag og kaffi/te i pausane. Tillegg for ikkje medlem: kr 150,- pr. pers.

Påmelding på e-post til: sognogfjordane@diabetes.no. eller på SMS til 90 02 54 23.


Påmeldingsfrist 15. oktober 2017. Gje melding om eventuelle allergiar. Detaljert program vert sendt ved påmelding.

Fann du det du leita etter?