HELSENORGE

Fagdagar: Psykisk helsevern i Balestrand

Fagseminar, 07.09.2017-08.09.2017, Indre Sogn psykiatrisenter (IPS), Sogndal BUP

Indre Sogn psykiatrisenter har gleda av å invitere til Fagdagane, psykisk helsevern, torsdag 7. og fredag 8. september. Arena for samlinga blir Kviknes hotel i Balestrand.

Målgruppe for samlinga er tilsette i psykisk helsevern (Helse Førde), brukarorganisasjonar og pårørandeorganisasjonar. Programmet er utforma i tett samarbeid med Sogndal Bup som også deltek i arrangørkomiteen.

Program Fagdagar psykisk helsevern 2017.pdf

Når og kor

Dato
07.09.2017-08.09.2017 
Klokkeslett
09:30-14:30
Stad
Kviknes hotell, Balestrand.
 
Arrangør
Indre Sogn psykiatrisenter, Sogndal BUP
 
Kontaktinformasjon
Påmeldingsfrist 23. juni.
Påmelding kan sendast til oygunn.saur@helse-forde.no  eller per telefon 57627500 (sentral). I tillegg til namn vil vi gjerne ha profesjon og kvar de arbeider.
 
Meir informasjon
oygunn.saur@helse-forde.no  

Vi har fått reservert 100 rom på hotellet. Truleg blir vi fleire enn det slik at ein del må vere budd på å bu på dobbeltrom. Dersom du av medisinske grunnar ikkje kan dele rom med andre ber vi om at det blir opplyst i påmeldinga. Likeeins må du gjerne kome med forslag på kven du vil dele rom med.

Fann du det du leita etter?