HELSENORGE

Fagdag: Ungdomsmedisin

Fagseminar, 30.11.2017, Barneavdeling, Medisinsk avdeling, Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering

Som ledd i Helse Førde si satsing på ungdomsmedisin arrangerer vi fagdag der vi set fokus på tema knytt til behandling av ungdomar. Målgruppa for fagdagen er legar og sjukepleiarar i spesialist- og primærhelsetenesta.

Målgruppa er helsepersonell som jobbar med ungdomar i aldersgruppa 13-25 år.

Programmet er variert og omfattar tema som kommunikasjon, mestring og kronisk sjukdom, rus, ungdommens rettar i helsetenesta, rettar i høve til opplæringslova og tidleg arbeidsliv.

Fagdagen vert søkt om som teljande for spesialitetane allmennmedisin, pediatri og indremedisin.

Respektive avdelingar dekker utgifter for sine deltakarar. For dei som ikkje er tilsette i Helse Førde er det kursavgift på 750 kroner som inkluderer lunsj, kaffi og pausemat. Tilsette i Helse Førde må melde seg på til Randi Stubhaug Gamlestøl.

Dersom du ønskjer overnatting, må du kontakte Villa Åmot direkte.

Når og kor

Dato
30.11.2017 
Klokkeslett
08:15-15:45
Stad
Villa Åmot, Bygstad i Sunnfjord.
 
Arrangør
Barne- og ungdomsavdeling, Medisinsk avdeling, Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering/fysikalsk medisin
 
Kontaktinformasjon
Påmelding på e-post til Randi Stubhaug Gamlestøl.
 
Meir informasjon
randi.stubhaug.gamlestol@helse-forde.no Påmelding innan 10.11.2017 
Fann du det du leita etter?