HELSENORGE

Fagdag: Meistring av helseplager

Kurs, 16.05.2017

Styringsgruppa for Nettverk for psykisk helsearbeid i Nordfjord byr inn på fagdag på Nordfjordeid.

08.30
Registrering, kaffi/te frukt

09.00 – 10.15
Korleis tilnærme oss pasientane i eit tverrfagleg perspektiv, v/Eirik Fismen

10.15 – 10.30
Pause

10.30 - 12.00
Handtering og mestring av psykiske helseplager i jobbsamanheng, v/Stig Aag

12.00 – 13.00
Lunsj

13.00 – 14.45
"Sjef i eget liv. Hvordan kan vi stimulere våre pasienter til å ta ansvar for sine holdninger, følelser og adferd?» v/Ingvard Wilhelmsen

14.45 – 15.00
Kaffi/te kake

15.00 – 15.45
Ingvard Wilhelmsen held fram

15.45 – 16.00 Oppsummering og avslutning

Når og kor

Dato
16.05.2017 
Klokkeslett
08:30-16:00
Stad
Nordfjord hotell, Nordfjordeid.
 
Arrangør
Styringsgruppa for Nettverk for psykisk helsearbeid. 
Innlegg frå
Eirik Fismen, Stig Aag og Ingvard Wilhelmsen. 
Kontaktinformasjon
Bindande påmelding innan 5. mai 2017 til:
liv.stokkenes.jacobsen@helse-forde.no
 

Førelesarar:

Eirik Fismen er lege og fysikalsk medisinar med bakgrunn frå både Sunnaas sjukehus og Beitostølen Helsesportsenter. Han har også arbeidt lenge på Haugland Rehabiliteringssenter.

Fismen sjølv beskriv seg som over gjennomsnittet friluftsinteressert, og har også lang erfaring i bruk av friluftslivet i ein rehabiliteringsprosess. I denne forelesinga legg han vekt på det tverrfaglege perspektivet i eit behandlingsopplegg kring handtering og mestring av helseplager.

Stig Aag er sosionom med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og kognitiv terapi. Han er teamleiar og terapeut ved Senter for jobbmestring(S.Fj) Sør-Trøndelag, eit 2. linje-tilbod under NAV Arbeidsrådgjeving.

Senter for jobbmestring er eit team beståande av terapeutar og jobbspesialistar, og tilbyr arbeidsretta kognitiv og metakognitiv terapi kombinert med tett arbeidsretta oppfølging. Tilbodet er retta mot menneske med lette til moderate psykiske lidingar, fortrinnsvis angst, depresjon og utbrentheit, og dei fleste som nyttar tilbodet er utan arbeidsforhold, eller har vore langvarig ute av arbeid.

Forsking på tilbodet viser at tilnærminga til SFJ har effekt både på arbeidsdeltaking og psykisk helse. Det er også dokumentert langtidseffekt, dvs at dei som har fått tilbod gjennom SFJ forblir i jobb, og har mindre psykiske plager fleire år etter at tilbodet er avslutta. Forelesinga til Stig Aag vil ta for seg suksessfaktorar for å lukkast å stå vere i jobb trass i psykiske plager. Han vil også gå inn på korleis SFJ jobbar terapeutisk og tverrfagleg for å bistå deltakarane i prosessen med å kome ut i jobb, og korleis ein sikrar at deltakarane blir i jobb.

Ingvard Wilhelmsen er ein norsk lege og professor med hypokondri som spesialfelt. Wilhelmsen tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1976. Han er spesialist i indremedisin, fordøyelsessykdommer og psykiatri.

Ingvard har hypokondri som sitt spesialfelt, og driver Norges einaste hypokonderklinikk. Wilhelmsen er kjent for å formidle livsmestring og psykisk helse på en veldig konkret, lettfatteleg og humoristisk måte. Dette har gjort han til ein særs ettertrakta foredragshaldar.

Fann du det du leita etter?