Diabetes type 2 - meistringskurs for pasientar og pårørande

Kurs for deg med diabetes type to og dine pårørande. Kurset vert arrangert av Helse Førde i samarbeid med brukarrepresentant.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Pasientar treng tilvisning frå lege. 

Tilvisinga sendast til: 
- Medisinsk avdeling, Helse Førde.
- Seksjon: Læring og mestring.
- Lokalisering ut frå pasienten sitt lokalsjukehus: enten Førde med.pol., 
        Nordfjord med.pol. eller Lærdal med.pol.

Merk gjerne tilvisinga med "diabeteskurs". 

Ønsker ein å ha med pårørande, kontakt læring- og meistringsenteret for påmelding (sjå kontaktinformasjon). 


Informasjon

Opplæring for deg som har fått diabetes type 2.  Opplæringa vert arrangert av medisinsk poliklinikk ved Førde Sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus, saman med Lærings-og meistringssenteret (LMS) i Helse Førde og brukarrepresentantar. Opplæringa går over 3 dagar, fordelt over tre veker. 

Pårørande oppfordrast til å delta. 

Målet er at du skal leve best mulig med diabetes ved å få:

- informasjon om sjukdommen og behandlinga

- kunnskap om ernæring og fysisk aktivitet

- høve til å treffe andre i same situasjon

- inspirasjon til meistring og sjølvhjelp

Oppmøtestad og påmelding: 

Oppmøte er ved ditt lokalsjukehus, der brukarrepresentant og diabetessjukepleiar er tilstades. Ein del av undervisninga vert sendt digitalt frå LMS sine lokaler på Førde sentralsjukehus til dei som sit på Nordfjord- og Lærdal sjukehus.  

Sjå informasjon om påmelding av pårørande under tilvising.

Anna praktisk informasjon

Eigenandel på 375 kr (Ingen ved frikort). Gratis for pårørande.

Lunsj kan kjøpast for 80 kr per person (vipps eller kontant). Gi beskjed ved allergi/spesielle behov på telefon 57 83 98 70 (Lærings- og meistringssenteret)

Utgifter til reiser, kost osv. dekkast etter faste takstar. Ta kontakt med pasientreiser på telefon 05515 eller pasientreiser.noved behov for tilrettelegging av reisa.

PROGRAM

Torsdag 4 november

09.30-10.15 Velkomen. Opning av kurset (lokalt)
10.15-10.45 Å leve med diabetes v/brukarrepresentant (lokalt)
11.00-12.00 Om diabetes v/lege (felles frå Førde)
12.00-12.45 Lunsj
12.45-13.45 Om diabetes v/lege (felles frå Førde) 
13.45-14.15 Spørsmål/oppsummering (lokalt) 
  

Torsdag 11 november
09.30-09.45 Velkomen tilbake. Tankar etter 1.dag (lokalt)   
09.45-11.45 Diabetes og mat v/klinisk ernæringsfysiolog
           (med 15 min pause) (felles frå Førde)
11.45-12.30 Lunsj
12.30-13.15 Tannpleie v/tannpleiar (felles frå Førde)
13.30-14.15   Blodsukkermåling v/kursleiarar (lokalt)
14.15-14.30 Spørsmål/oppsummering (lokalt) 


Torsdag 18 november
09.30-09.45 Velkomen tilbake (lokalt) 
09.45-10.45 Tankar rundt det å få ein kronisk sjukdom v/psykolog (felles frå Førde)
11.00-11.45   Fotpleie v/fotterapeut (felles frå Førde)
11.45-12.30 Lunsj
12.30-14.00 Fysisk aktivitet v/fysioterapeut (lokalt)
14.00-14.30 Oppsummering/evaluering (lokalt)


Med atterhald om endringar

Fann du det du leita etter?