Helsenorge

Diabetes type 2 meistringskurs

Kurs for deg med diabetes type 2 og dine pårørande. Kurset vert arrangert av Helse Førde i samarbeid med brukarrepresentant.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Pasientar treng tilvising frå lege. 

Tilvisinga sendast til: 
- Medisinsk avdeling, Helse Førde
- Seksjon: Læring og meistring.
- Lokalisering ut frå pasienten sitt lokalsjukehus: anten Førde med.pol., Nordfjord med.Pol eller Lærdal med.pol. 

Merk gjerne tilvisinga med "diabeteskurs".

Ønsker ein å ha med pårørande, kontakt lærings- og meistringssentert for påmelding (sjå kontakt informasjon). 

Informasjon 

Opplæring for deg som har fått diabetes type 2. Opplæringa vert arrangert av medisinsk poliklinikk ved Førde Sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus, saman med Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Førde, og brukarrepresentant. Opplæringa går over 3 dagar, fordelt over tre veker. 

Pårørande oppfordrast til å delta. 

Målet er at du skal leve best mogleg med diabetes ved å få: 

- Informasjon om sjukdomen og behandling

- Kunnskap om ernæring og fysisk aktivitet

- Høve til å treffe andre i same situasjon

- Inspirasjon til meistring og sjølvhjelp


Anna praktisk informasjon: 

Eigenandel på 375 kr (ingen ved frikort). Gratis for pårørande. 
Om du ikkje kjem til kurs du er påmeldt til utan å seie frå innan 24 timar før kursstart, kan du bli belasta med eit gebyr på opptil 1125 kroner sjølv om du har frikort.

Lunsj kan kjøpast for 80 kr per person (vipps eller kontant). Gi beskjed ved allergi/spesielle behov på telefon  57 83 98 70 (Lærings- og meistringssenteret). 

Utgifter til reiser, kost osv. dekkast etter etter faste takstar. Ved behov for tilrettelegging av reisa, ta kontakt med pasientreiser på telefon 05515 eller pasientreiser.no

Nyttige lenkjer: 

Meir praktisk informasjon om kurs i Helse Førde eller informasjon om andre kurs vi tilbyr finn du på kurs og opplæringssida vår

Meir informasjon om diabetes kan du finne på Diabetesforbundet si nettside






Fann du det du leita etter?