Diabetes type 2 - Lærdal

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende , 01.03.2018 , Medisinsk poliklinikk Lærdal sjukehus, Lærings- og meistringssenter (LMS)

Medisinsk poliklinikk ved Lærdal sjukehus, LMS i Helse Førde og erfaren brukar helsar velkomen til 3 dagars LMS kurs for deg med diabetes type 2. Pårørande kan delta.

Ver vennleg å gje melding innan 27. februar dersom pårørande skal delta (for ekstra stolar og kaffi).

Målet er at du skal leve best mogleg med diabetes ved å få

  • informasjon om sjukdomen og behandlinga
  • kunnskap om ernæring og fysisk aktivitet
  • høve til å treffe andre i same situasjon
  • inspirasjon til meistring og sjølvhjelp

Meir informasjon:

  • Kostnad: Kr. 345,- i eigendel.
  • Ingen eigendel for pårørande.
  • Mat kan kjøpast i kantina.

  Ta kontakt med Pasientreiser på telefon 05515 eller
  www.pasientreiser.no om du treng hjelp for tilrettelegging av reisa.

Avbestilling seinast 24 timar før kurset. Dersom du ikkje møter till avtalt   kurs vil sjukehuset krevje eit gebyr på kr 640,- (som ikkje blir registrert  som eigendel).

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta på opplæringa treng du - tilvising frå fastlege eller innkalling frå eit sjukehus.

Tilvising sendast til: Helse Førde, Medisinsk klinikk, Postboks 1000, 6807 Førde (merk Diabetes-kurs Lærdal).

Når og kor

Dato
01.03.2018 
Klokkeslett
09:00-14:30
Stad
Lærdal sjukehus
Møterom 2. etasje - medisinsk avdeling.
 
Arrangør
Medisinsk poliklinikk - Lærdal sjukehus, Lærings- og meistringssenter (LMS)
 
Kontakt
Marit Vangsnes Stadheim, Medisink avdeling, Lærdal telefon 57 64 01 50, eller Medisinsk poliklinikk telefon 57 64 00 80
 

1. mars:

09.00 -10.30
Vi ønskjer velkomen i lag med erfaren brukar.
Kari Esaiassen, sjukepleiar LMS, snakkar om tankar og tilhøve knytt til sjukdomen. Presentasjon av verktøy som kan vere til hjelp for å klare endringar. Med innlagt kort pause.

10.30 -11.15
Kost og diabetes ved ernæringsfysiolog Helene Søreide

11:15 -11:30  Pause

11.30 -12.30 
Kost og diabetes ved ernæringsfysiolog Helene Søreide

12.30 -13.00  Lunsj

13.00 -14.30 
Ernæringsfysiologi, butikkbesøk ved Helene Søreide

8. mars

09.00 -09.10  Velkommen

09.10 -10.00
Fotpleie ved fotterapeut  Edel Olstad

10.00 -10.10  Strekk på beina

10.10 -10.40
Kva er fysisk aktivitet?  ved fysioterapeut Ida

10.40 -12.00
Vi går ein tur langs Lærdalselvi - Ta med gode sko og klede

12.00 -12.30  Lunsj

12.30 -13.00
Blodsukker og insulin ved Marit

13.00 -13.30
Tannpleie ved tannpleiar Mona Nilsen

14.00 -14.30  - hels fram: blodsukker og insulin 

15. mars

09.00 -09.10  Velkommen

09.10 -09.50
Erfaren brukar delar sine tankar og erfaringar

09.50 -10.00  Pause

10.00 -12.00
Diabetes type 2 ved overlege Geir Hølleland med innlagt pause

12.00 -12.30  Lunsj

12.30 -13.30
Diabetes type 2 ved overlege Geir Hølleland

13.30 -13.40  Pause

13.40 -14.30

Avsluttande samtale. Evaluering av kurset.

Med atterhald om endringar. Velkomen til kurset!