HELSENORGE

Diabetes type 2 , kurs i Førde

Kurs for deg med diabetes type 2 og dine pårørande. Kurset vert arrangert av Helse Førde i samarbeid med brukarrepresentant.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ynskjer du å delta på kurs ta kontakt med fastlegen din som må sende tilvising.

Tilvisinga sendast til:
- Medisinsk avdeling, Helse Førde
- Seksjon: Læring og meistring
- Lokalisering: Førde medisinsk poliklinikk

Merk gjerne tilvisinga med "diabeteskurs".

Ønsker du å ha med pårørande ta direkte kontakt for påmelding (sjå kontaktinformasjon). 


Informasjon

Opplæring for deg som har fått diabetes type 2. Opplæringa vert arrangert av medisinsk poliklinikk ved Førde Sentralsjukehus og Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Førde. Opplæringa går over 3 dagar, fordelt over 3 veker. 

Pårørande oppfordrast til å delta. 

Målet er at du skal leve best mogleg med diabetes ved å få: 

- Høyre historia til ein erfaren brukar som har levd med diabetes 2 over tid 

- Informasjon om sjukdom og behandling

- Kunnskap om ernæring og fysisk aktivitet

- Høve til å treffe andre i same situasjon

- Inspirasjon til meistring og sjølvhjelp. 

Program

Torsdag 8 september
09.30-10.15 Velkomen. Opning av kurset. 
10.15-10.45  Å leve med diabetes v/brukarrepresentant 
11.00-12.00 Om diabetes v/lege
12.00-12.45 Lunsj
12.45-13.45 Om diabetes v/lege
13.45-14.15 Spørsmål/oppsummering
 
Torsdag 15 september
09.30-09.45 Velkomen tilbake. Tankar etter 1.dag   
09.45-11.45 Diabetes og mat v/klinisk ernæringsfysiolog (med 15 min pause)
11.45-12.30 Lunsj
12.30-13.15 Tannpleie v/tannpleiar
13.30-14.15   Blodsukkermåling v/kursleiarar
14.15-14.30 Spørsmål/oppsummering

Torsdag 22 september
09.30-09.45 Velkomen tilbake
09.45-10.45 Tankar rundt det å få ein kronisk sjukdom v/psykolog
11.00-11.45   Fotpleie v/fotterapeut
11.45-12.30 Lunsj
12.30-14.00 Fysisk aktivitet v/fysioterapeut
14.00-14.30 Oppsummering/evaluering

Med atterhald om endringar

Praktisk informasjon

Eigenandel 375 kr (ingen ved frikort). Pårørande er gratis.
Om du ikkje kjem til kurset du er påmeld utan å seie frå innan 24 timar før kursstart kan du bli belasta med eit gebyr på opptil 1125 kr sjølv om du har frikort. 

Det vert servert kaffi og te på kurset. Om du ønsker kan du kjøpe lunsj til 80 kr (vipps eller kontant). Gi beskjed ved allergi eller særskilde behov på tlf 578 39 870 (Lærings- og meistringssenteret). 

Utgifter til reise, kost osb. dekkast etter faste takstar. Ved behov for tilrettelegging av reisa, ta kontakt med pasientreiser på telefon 05515 eller pasientreiser.no

Nyttige lenkjer

Meir informasjon om kurs i Helse Førde eller informasjon om andre kurs vi tilbyr finn du på kurs og opplæringssida vår

Meir informasjon om diabetes finn du på Diabetesforbundet si nettside

Fann du det du leita etter?