Diabetes type 2 - Førde

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende, 12.09.2017-26.09.2017, Lærings- og meistringssenter (LMS), Medisinsk avdeling

Helse Førde, medisinsk avdeling i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret og brukarrepresentant arrangerer kurs for diabetes type 2 pasientar. Pårørande kan og delta.

Målet er at du skal leve best mogleg med diabetes ved å få

  • informasjon om sjukdommen og behandlinga
  • kunnskap om ernæring og fysisk aktivitet
  • høve til å treffe andre i same situasjon
  • inspirasjon til meistring og sjølvhjelp

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

For å delta på opplæringa treng du - tilvising frå fastlege til eller innkalling frå eit sjukehus

Tilvising sendast til: Helse Førde, Medisinsk klinikk, Postboks 1000, 6807 Førde (merk Diabetes-kurs Førde).

Når og kor

Dato
12.09.2017-26.09.2017 
Klokkeslett
09:30-15:00 
Stad
Førde sentralsjukehus
Lærings- og meistringssenteret (LMS), ved Rema 1000, Viesenter, Førde
 
Arrangør
Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenteret
i samarbeid med brukarrepresentant 
Kontakt
Pårørande kan melde seg på til:
Helse Førde, Lærings- og meistringssenteret,
Postboks 1000, 6807 Førde
eller på telefon 57 83 98 70
  
 

Tre samlingar: 12., 19. og 26. september 2017


Eigendel for å delta, les meir