Diabetes type 2 - for pasient og pårørande

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende , 19.09.2018-02.10.2018 , Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenter (LMS)

Helse Førde i samarbeid med brukarrepresentant arrangerer kurs for diabetes type 2 pasientar. Pårørande kan og delta.

Pasient og pårørandeopplæring.

Medisinsk poliklinikk ved Førde Sentralsjukehus, Lærings-og Meistringssenteret i Helse Førde og brukerrepresentant arrangerer i samarbeid 3 dagars kurs/opplæring for deg som har fått diabetes type 2.

Pårørande oppfordrast til å delta.

Vær venleg å gi beskjed innan 14.september dersom pårørande skal delta (se påmelding pårørende under)

 

Målet er at du skal leve best mulig med diabetes ved å få

-informasjon om sjukdommen og behandlinga

-kunnskap om ernæring og fysisk aktivitet

-høve til å treffe andre i same situasjon

-inspirasjon til meistring og sjølhjelp

Program

Onsdag 19.sept

09.30-09.45     Velkomen. Opning av kurset.

09.45-10.30     Å leve med diabetes  v/brukarrepresentant

                          Informasjon om Diabetesforbundet

10.45-12.00     Tankar om forhold knytt til sjukdommen.

                           Presentasjon av verktøy som kan 

                          være til hjelp for å klare endringer v/sjukepleiar

12.00-12.45     Lunsj

12.45-14.15     Diabetes og mat  v/ klinisk ernæringsfysiolog

 

Tysdag 25.sept

09.30-12.00     Ulike typar diabetes, årsak og omfang

                          Behandling av diabetes v/overlege

12.00-12.45     Lunsj

12.45- 14.30    Fysisk aktivitet. v/fysioterapeut

                          Ta med uteklede og gode sko til liten tur

 

Tysdag 2.okt

Parallellsesjon 1

09.30-10.30     Diabetes og mat- besøk i butikk  v/ klinisk ernæringsfysiolog

10.30-11.30     Måling av blodsukker  v/diabetessjukepleiar

 

Parallellsesjon 2

09.30-10.30     Måling av blodsukker  v/diabetessjukepleiar

10.30-11.30     Diabetes og mat- besøk i butikk v/ klinisk ernæringsfysiolog

 

11.30-12.15     Lunsj

12.15-13.00    Tannpleie v/tannpleiar

13.15-13.45    Fotpleie v/fotterapeut

14.00-14.30    Oppsummering, evaluering.  

                                   

 

Med atterhald om endringar

 

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Pasientar treng tilvisning frå lege som vert å sende til: Helse Førde, Medisinsk avdeling, postboks 1000, 6807 Førde.

Når og kor

Dato
19.09.2018-02.10.2018 
Klokkeslett
09:30-14:30
Stad
Førde sentralsjukehus
Lærings- og meistringssenteret
 
Arrangør
Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenter (LMS)
 
Kontakt
For meir informasjon og påmelding av pårørende:
Lærings- og Meistringssenteret
Førde Sentralsjukehus
6807 Førde  
Tlf: 57 83 98 70
 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.