HELSENORGE

ACT online meistringskurs

Kjenner du deg fastlåst og ønskjer hjelp og inspirasjon til å finne ein ny kurs?

Helse Førde tilbyr eit mestringsprogram via video for deg med langvarige muskelsmerter.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Du treng tilvising for å delta på kurset. Legen din kan sende tilvising til FMR poliklinikk i Helse Førde og merke tilvising med ACT online meistringskurs

I kurset tek vi i bruk verktøyet ACT (aksept, verdi og forpliktelseseterapi) som går ut på bli meir bevisst eigne verdiar, kva du ønskjer å stå for, og ta meir fleksible val. I kurset vert det fokusert på å la det som er viktig for deg motivere og inspirere deg til å gjere meningsfulle endringar i livet ditt.

Gjennom programmet vil du lære å ta i bruk verkty for å:

  • takle vanskelege tankar og kjensler på ein effektiv måte
  • skape eit rikt og meiningsfullt liv

 

Antal samlingar og varigheit:

Programmet går over 6 veker, 1.5  timar kvar gong og i gruppe på 6-8 personar via video. Opplegget omfattar undervisning, veiledning, trening i mindfulness og refleksjonar i gruppa

 


Fann du det du leita etter?