HELSENORGE

Å leve med psoriasis - kurs Hausten 2023

Kurs for pasientar med psoriasis, og deira pårørande

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ynskjer du å delta på kurs ta kontakt med fastlegen din som då kan sende tilvising. Tilvisinga sendast til Hudavdelinga, Førde sentralsjukehus.

Dersom du allereie er i eit behandlingsforløp ved hudpoliklinikk i Helse Førde kan du ta kontakt med behandlar der. 

Ta også kontakt om du ønsker å ha med pårørande. 

Informasjon om Kurset

Målet med kurset er at du skal få kunnskap om tilstanden og sjå moglegheiter for meistring i din eigen kvardag. Kurset består av brukarinnlegg og undervisning frå helsepersonell, moglegheit for å stille spørsmål, erfaringsutveksling og dialog med andre i liknande situasjon. Pårørande er velkomne til å delta. 

Praktisk informasjon 

Eigenandel 375 kr. (Ingen v/frikort). Pårørande er gratis.

Det serverast kaffi og te på kurset. Om du ønsker, kan du kjøpe lunsj til 80 kr  (vipps eller kontant). Gi beskjed ved allergi/spesielle behov på telefon til  578 39 870 .

Er du i jobb, må du avtale fri med arbeidsgjevaren din eller få sjukmelding frå legen.

Nyttige nettadresser

Les meir om psoriasis på helsenorge.noPsoriasis- og eksemforbundet

Vår kursoversikt

Kurstilbod for pasientar og pårørande

Fann du det du leita etter?