Ambulanselærling

Ambulansetenesta skal sikre at du får eit akuttmedisinsk beredskapstilbod. Beredskapen er fordelt på ambulansestasjonar, der vi har døgn-og dagambulansar.

​Vi har også avtale med ambulansebåtar langs kysten av fylket.

Leiinga har base i Førde, med områdeleiarar fordelt rundt om i fylket.

Det er viktig med dyktige medarbeidarar. Difor har vi eigen undervisningsstab. Mellom anna driv vi eigen ambulansesskule som gjev personell opplæring i tråd med retningslinjer.

For å kunne søkje om å bli ambulanselærling må ein vere 18 år, og kandidaten må igjennom ei fysisk opptakstprøve. I tillegg til dette må alle aktuelle kandidatar igjennom eit personleg intervju.

Læretida er normalt 2 år, og opplæringa går føre seg på ambulansestasjonen/i ambulansen. For dei som ikkje har skulegong med helse og sosialfag og ambulansefag, kan læretida bli lenger. Lærlingane følgjer turnus i ambulansetenesta.

Helse Førde har eigne instruktørar som har ansvaret for lærlingane.