Bli blodgivar

Vil du bli blodgivar i Helse Førde? Dersom du er mellom 18 og 60 år, er frisk og fyller krava til å bli blodgivar, kan du kontakte blodbanken, eller du kan registrere deg på www.giblod.no

Blodbanken ved Førde sentralsjukehus

Du kan kontakte blodbanken på telefon 57 83 93 00. Blodbanken finn du saman med medisinsk-biokjemisk laboratorium i 2. etasje rett over hovudinngangen til sjukehuset. Blodbanken er open for blodgjevarar måndag til fredag mellom klokka 07.45 og 14.00. Omlag ein gong i månaden er det ope for tapping til klokka 18.30. Telefontid: måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00. Det er reservert tre merka parkeringsplassar for blodgjevarar til venstre utanfor hovudinngangen til sjukehuset.

Blodbanken Lærdal sjukehus

Du kan kontakte blodbanken på telefon 57 64 00 20. Blodbanken finn du saman med medisinsk-biokjemisk laboratorium i 1. etasje. Blodbanken er open måndag til fredag 08.00 - 15.00. Eventuelt kan kveldstapping utførast etter nærare avtale.

Blodbanken Nordfjord sjukehus

Du kan kontakte blodbanken på telefon 57 86 40 21. Blodbanken finn du saman med medisinsk-biokjemisk laboratorium i 1. etasje. Blodbanken er open måndag til fredag mellom klokka 08.00 og 13.00.

Tappestasjon Florø (FSS)

Du kan kontakte tappestasjonen på telefon 57 75 11 52 eller 57 75 11 50. Tappestasjonen finn du i 2. etasje på Sunnfjord Medisinske Senter. Tappestasjonen er open tysdag til fredag mellom klokka 08.00 og 14.00. Omlag ein gong i månaden er det ope for tapping mellom klokka 12.00 og 19.00.​

Les meir om blodgiving

Blodbanken Helse Førde - brosjyre

Beinmarggivarregisteret - brosjyre

Skjema for blodgivar

 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.
​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​