Designelement
 

Alfred Bamse 

Måndag 31. oktober var det boklansering av "Alfred Bamse" på sjukehus.
Av Finn Ove Njøsen, Helse Førde
 

 Frå boklanseringa:

Frå boksleppet på barneavdelinga. Tilsette og pasientar fekk vere med.    NRK var på plass og intervjue Alfred sin manager, Kurt Rutledal med fleire.

Alfred Bamse er bulending og fekk manager Kurt Rutledal fekk blomar frå Fride Melvær, ordførar i Askvoll.   Alfred og Kurt Rutledal spanderte kake på dei frammøtte.

 Veke 43

Måndag 31. oktober blir boka til "Kosolog" Alfred Bamse lansert på Barneavdelinga i Helse Førde. I boka kan du sjå mange og flotte bilete av turneen til bamsen i Helse Førde.

 Veke 42

Dagen då Alfred var på Nordfjord sjukehus møtte han Muhamet som gjorde det fint rundt sjukehuset og psykiatrisenteret. Også denne dagen var ein flott solskinsdag.

 Veke 41

Det var faktisk nokre fine dagar denne sommaren. Alfred Bamse nytta dette ved å reise litt rundt om på det fine området rundt Førde sentralsjukehus.

 Veke 40

På Førde sentralsjukehus har dei på kveldstid legevakt for mange kommunar i Sunnfjord og Ytre sogn.

I resepsjonen for legevakta sat Bente Anita Alisøy då Alfred Bamse var på besøk. Ho kunne fortelle at ho har ein oldefar frå Bulandet. Dette likte bulendingen Alfred Bamse godt.

 Veke 39

Tid for å teste røntgenutstyret.

 Veke 38

Berit Mallasvik tok imot Alfred Bamse på sjukehusapoteket ved Førde sentralsjukehus. Apoteket forsyner Helse Førde med medisinar og anna.

 Veke 37

Avanserte saker desse ambulansane. Alfred besøkte Luster sin ambulansebil der Kjell Arild Brendstuen viser Alfred kva ambulansen inneheld.

 Veke 36

Alfred Bamse har no vore innom dei tre sjukehusa i fylket. Fram til lansering av boka tek vi med bilete frå rundt omkring i Helse Førde.

Her ser vi Alfred på fødeavdelinga ved FSS. Det er nybakt mor Marit Vefring som held det nyfødde barnet sitt, og kosolog Alfred Bamse tek gjerne turen i den ledige armkroken.

 Veke 35

Før Alfred Bamse reiste frå Nordfjord sjukehus fekk han sjølvsagt ei lita gåve. Bamsen fekk velje mellom ulike dyr. Ikkje lett å velje for ein kosolog.

 Veke 34

På Eid har dei tilbod til pasientar med hudproblem. Mange av dei får lysbehandling slik at dei får eit betre liv. Alfred fekk sjølvsagt prøve behandlinga.

 Veke 33

Alfred fekk teste korleis Blodbanken på Nordfjord sjukehus fungerte. Å gje blod er ikkje skummelt men ei flott gjening for dei som treng det. Blodbankane treng stadig nye frivillige som kan gje blod.

 Veke 32

Torill Kjøllesdal Kriken tok i mot Alfred Bamse på Nordfjord sjukehus. Mykje spanande er i vente også her.

 Veke 31

Alfred Bamse var også innom dialysen i Lærdal før turen i neste veke går til Nordfjord sjukehus.

 Veke 30

I Lærdal fekk Alfred Bamse demonstrert eit kunstig kneledd. I Lærdal kan dei sette inn nytt kne til dei som treng det.

 Veke 29

Alfred er kome til Lærdal sjukehus der han mellom andre møtte Antonius P. Schoofs. Her er det utstyret på Laboriatoriet for medisinsk biokjemi og blodbank som blir inspisert og forklart.

 Veke 28

Før reisa gjekk vidare til Lærdal sjukehus fekk Alfred Bamse delta på direktørmøtet i Helse Førde. Bamsen tok på seg findressen i møte med Jon Bolstad og dei andre i møtet.

 Veke 27

Siv Sydberger og Aslaug Vagstad tek imot Alfred Bamse på avdeling for patologi der dei analyserer prøver.

 Veke 26

Etter at maten på kjøkkenet vart inspisert og godkjend, vart nok Alfred svolten. Difor gjekk turen til pasientkafeen i 6. etasje. Ved Førde sentralsjukehus kan pasientane ete i både 6. og 8. etasje, i tillegg til pasient og tilsettekafeen i 2. etasje. Til og med ved resepsjonen i 1. etasje kan ein få seg ein matbit. I dag var det fiskekaker som blir servert av Oddlaug Aamot.

 Veke 25

Mat er viktig og difor måtte kjøkkenet inspiserast. Her er det Øyvind Hegrenes som fortel at dei vakumpakkar mat og sender til avdelingane i Helse Førde.

 Veke 24

Audny Sandberg er fagarbeidar på tekstil og syr kvite og grøne klede til Alfred Bamse.

 Veke 23

Alfred Bamse blir skrive inn på Førde sentralsjukehus av Tone Grønseth.


Publisert 08.06.2011 11:10 | Endret 31.10.2011 15:24 
I samarbeid med barnebokforfattar Kurt Rutledal har vi fått moglegheit til å leggje ut bilete av Alfred Bamse på sjukehus. På denne sida får vi innblikk i berre ein brøkdel av dei aktivitetane Alfred har vore med på. I boka som er det mange fleire aktivitetar ein kan lese om.

 Meir om Alfred Bamse



Torill Kjøllesdal Kriken og Alfred Bamse på Nordfjord sjukehus.



Alfred blir mottatt på Lærdal sjukehus av Gry K. Kirkeluten.



Alfred på besøk hos Berit Ullebust på Kirurgisk sengepost.

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter /