– Pasientar med smertetilstand ut over seks månader kan få fleire vanskar både psykisk og sosialt. Difor er det viktig å gje denne gruppa hjelp til å kunne leve med smertetilstanden dei har. Pasientar med smertetilstandar er den største gruppa i Noreg med tanke på uføre, fortel overlege og medisinsk ansvarleg, Kjell Brekken ved smertepoliklinikken.
Alle helseføretak i landet, med unntak av Agderfylka og Finnmark, har no opna smertepoliklinikkar. Tilbodet er til pasientar med fleire ulike former for smerter.
– Unntaket er kreftpasientar som til dømes får lindrande behandling, eller har andre smerter som følgje av kreftsjukdomen. Smertepoliklinikken står for utgreiing og rådgjeving til fastlege som tek seg av eventuelle sjukemeldingar, reseptar og liknande, understrekar Brekken.
Haukeland universitetssjukehus har tidlegare behandla pasientar frå Sogn og Fjordane, men deira kapasitet har etter kvart vorte sprengd, slik at Brekken vart spurd om han kunne vere med på å etablere poliklinikken og arbeide 50 prosent i Helse Førde. Elles arbeider han i Kristiansand som rådgjevande overlege i NAV klageinstans Sør. Brekken er opphavleg frå Luster i Sogn.
Teamet på poliklinikken arbeider tverrfagleg.
– Pasientar med langvarige smerter må få hjelp til å fungere i det daglege, både fysisk og mentalt. Kosthaldsmønster og kartlegging av kaffi-, alkohol- og røykevanar er også viktige poeng i det heilskaplege opplegget for pasienten. Difor har vi fått med oss både sjukepleiar med smerte- og kosthaldkompetanse, fysioterapeut og psykolog i tillegg til at vi har eigen helsesekretær. Vi har hospitert både på Haukeland universitetssjukehus og St. Olav i tillegg til kursing. No er vi godt kompetente til å sette i gang her i Helse Førde, fortel Brekken.
Det tverrfaglege arbeidet med pasienten går ut på å motivere pasienten til å meistre dei daglege problema. Brekken understrekar at dei ikkje kurerer smertene men hjelper pasienten til å meistre sjukdomen. Det er i all hovudsak fastlegar som tilviser pasientane til poliklinikken.
Publisert
21.02.2012 14:30 |
Endret
21.02.2012 14:44