Designelement
 

Nye krav i samhandlingsreforma 

Sjukehusa skal bli flinkare til å informere kommunane om pasientar som har oppfølgingsbehov etter utskriving. Det er blant innhaldet i ei av fleire føreskrifter som no er på høyring.
Av Arne Eithun, Helse Førde
 

Vidar Roseth, samhandlingssjef i Helse Førde. Samhandlingsreforma trer i kraft frå nyttår, og Helse- og omsorgsdepartementet har i sommar sendt fleire nye føreskrifter og føreskriftsendringar ut på høyring. Dette er eit ledd i førebuingane før reforma blir gjeldande. 

Kommunal betaling
– Den eine av dei nye førskriftene gjeld kommunal betaling for utskrivingsklare pasientar. Desse omfattar i første omgang ikkje psykisk helsevern og rus. Det blir også lagt opp til sjukehusa skal bli flinkare å varsle og informere kommunane når pasientar treng kommunale tenester etter utskriving. På den andre sida må kommunane straks ta i mot utskrivingsklare pasientar om dei vil unngå å betale ein døgnsats på 4.000 kroner, seier Vidar Roseth, samhandlingssjef i Helse Førde.

Han viser vidare til at det i ei ny føreskrift om kommunal medfinansiering, er presisert at kommunane pliktar å betale 20 prosent av kostnadene med medisinske konsultasjonar og innleggingar i sjukehus.

– Føreskrifta gjeld ikkje privatpraktiserande avtalespesialistar, psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelavhengige og opphald i private opptreningsinstitusjonar, seier ha.

Den kommunale medfinansieringa gjeld heller ikkje for kirurgi, fødslar, nyfødde born og behandling med nærare bestemte kostbare legemiddel. Departementet fastset nærare avgrensing av kva somatiske pasientgrupper som skal vere omfatta (i regelverket for innsatsstyrt finansiering). Det er sett eit tak på den kommunale betalinga på omlag 30.000 kroner for særleg ressurskrevjande enkeltopphald.

Eigne koordinatorar
– Det blir om lag like føresegner for spesialist- og kommunehelsetenesta i endra forskrift om individuell plan og koordinator. Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har krav på ein eigen koordinator som skal syte for oppfølging, sikre samordning av tenestetilbodet og at det blir utarbeidd individuell plan. Når ein pasient eller brukar har behov for både spesialist- og kommunehelsetenester, er det kommunen som har ansvar for utarbeiding av individuell plan. Når det er krav om koordinator i både helseføretaket og kommunen for same pasient, må desse etablere kontakt. Føreskrifta om pasientansvarleg lege blir oppheva, seier Roseth.

Eit fullstendig oversyn over førskriftene som er ute på høyring finn ein på Helse- og omsorgsdepartementet si heimeside. Høyringsfristen er sett til 6. oktober.


Publisert 12.08.2011 09:55 | Endret 12.08.2011 14:43 

 Les også:

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter /