Barnebokforfattar Kurt Rutledal, ein nyfiken oljearbeidar frå Bulandet, har snart gjort det til ein tradisjon å invitere seg sjølv inn i ulike “bransjar” – for å forstå litt meir av det som skjer. Med seg på turane har han sjølvsagt Alfred, denne vesle og minst like nyfikne bamsen. Deira første tur gjekk offshore og bildeboka gav eit flott innsyn i korleis livet på ein oljeplattform er.
No er turen altså komen til Helse Førde, og eit nytt bokprosjekt. Alfred og bamsefar har allereie vore innom alle sjukehusa våre. Dei har teke godt over tusen bilete, der hovudpersonen sjølv er avbilda på alle. På den måten kan han på ein lett og forståeleg måte fortelje om kva han både ser og høyrer i dei ulike avdelingane.
Bokprosjektet er verdifullt for Helse Førde fordi den rettar seg mot ei målgruppe som vi litt for sjeldan gjev nok merksemd, nemleg born og unge. Sett gjennom Alfred Bamse sine auge vil forhåpentlegvis denne aldersgruppa få litt meir kunnskap om føretaket og korleis eit sjukehus, med sine mange avdelingar og tilbod, fungerer. Ikkje minst vil boka vise fram tilsette som kvar dag jobbar for at alle som er inne hjå oss skal ha det best mogeleg. Lesarane vil og sjå at det er langt fleire enn berre sjukepleiarar og legar som jobbar på sjukehusa. Kanskje får dei helse på ein sjukehusprest, eller ein ingeniør, eller kanskje ein kokk. Helse Førde har 200 ulike yrkesgrupper i det som er den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane.
Medan vi ventar på boka, slepp Alfred av og til små drypp på ei eiga facebook-side. Må vite at denne karen nyttar sosiale medium til å marknadsføre både seg sjølv og bokprosjektet. Desse små dryppa, med bilete både frå Nordfjord sjukehus, Lærdal sjukehus og Førde sentralsjukehus fortel alle litt om kvardagen der ute på avdelingane. Og når Alfred legg ut bileta, så takkar han fint for sist. Ut frå kommentarane som kjem tilbake verkar det som om bamsekroppen har vore godt likt. Og at han har fått godt stell.
Så på vegne av oss i Helse Førde vil vi berre seie takk, Alfred. Du har gjeve oss små viktig avbrekk i ein travel kvardag, der du har tilført mykje smil og latter. Vi gler oss til boka!
Publisert
23.08.2011 11:20 |
Endret
23.08.2011 13:07